Velg en side

Jordboka

Jordboka

kr 399,00

Under føtene våre finst eit univers av liv så rikt og komplekst at det sprenger rammene for det me er i stand til å fatta. Det er eit univers me kan uhyre lite om, og som me i liten grad har interessert oss for. Men det er heilt avgjerande for vår menneskelege eksistens.

Det vesle me veit peikar mot følgjande:

Den viktigaste nøkkelen til ei berekraftig framtid for planeten vår er ikkje verken ny teknologi, klimakvotehandel eller internasjonalt diplomati.

Nøkkelen finst i kvarmannsens hage. Me trør på den dagleg.

Nøkkelen er mold

Produktnummer: Isbn 9788269084603 Kategori: Stikkord:

Bok informasjon

Ny eller brukt Ny fra forlaget
ISBN 9788269084603
Språk Norsk
Antall sider 222
Innbinding Heftet
Utgitt 2017
Forfatter:
Forlag:

Beskrivelse

Jordboka – det fantastiske universet under føttene

 

“Det aller meste me har gjort, tenkt og trudd om å dyrka jorda og om kva mold er og gjer, har vore feil og øydeleggjande. Det aller meste må forandrast. Mennesket veit eigentleg uhyre lite.” Slik skriv professor og høgskulerektor Dag Jørund Lønning i Jordboka. Under føtene våre finst det eit univers så enormt, rikt og mangfaldig at det sprenger rammene for det me menneske er i stand til å fatta. I ei skei med matjord kan det finnast ein trillion levande organismar. I Jordboka møter du utrulege vesen med eineståande evner og eigenskapar, dei minste er titusendelar av ein millimeter, dei største fleire kvadratkilometer store. Dei er del av ekstremt intelligente økologiske samspel som er avgjerande for livet på planeten. Jordboka er historier om menneske og mold. Om vart samspel og om brutal øydelegging. Først og fremst er dette likevel ei bok om håp. For nøkkelen til å løysa alle dei store utfordringar mennesket og planeten no står overfor kan visa seg å finnast i molda. Erosjon og tap av matjord, fallande produktivitet i matproduksjonen, klimaendringar. Ny kunnskap viser korleis menneske og livet i molda kan spela saman. Med både berekraft og veldig grøde som resultat. Visste du at verdas kanskje mest økonomisk produktive bønder verken pløyer, gjødslar, sprøytar eller lukar? Dei har i staden rekruttert den mest intelligente hjelp og teknologi som er å få tak i, universet i molda. Denne hjelpa er gratis og fritt tilgjengeleg for alle. I boka møter du desse bøndene og elles ei rekke nye idear og praksisar som kan endra både matproduksjon og mennesket sitt forhold til naturen for all framtid. Ein verkeleg grøn revolusjon er i emning. Jordboka fortel korleis DU kan ta del. Dei populærvitskaplege essaya i Jordboka er skrivne for eit breitt publikum. Dei inviterer til djup refleksjon over kva vår menneskelege oppgåve kan vera i det store økologiske spelet me kallar natur.

Tilleggsinformasjon

Vekt 652 g

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bare innloggede kunder som har kjøpt dette produktet kan legge igjen en omtale.