I gode og vonde dagar-Familieliv i Noreg frå reformasjonen
kr 225,00
Familieliv i Noreg frå reformasjonen til vår tid
Etterlengta oversiktsverk over norsk familiehistorie. Boka tek opp både økonomiske, demografiske, kjenslemessige, og sosiale utviklingstrekk ved familien som institusjon fr 1500-talet og fram til i dag.
I vår tid er det ei vanleg oppfatning at familien er i opplysing. Dagens familiesituasjon blir halden opp mot eit bilete av familien i eldre tid, med store og barnerike hushald som heldt saman i tjukt og tynt. Men var det eigentleg slik? Var familiefellesskapet så grunnleggjande forskjellig frå vår tid som vi gjerne ønskjer tru?
Dette er spørsml som vert tekne opp i denne første samla framstillinga av norsk familiehistorie. Sidan 1970-talet har det kome ei rekkje avhandlingar og forskingsarbeid med tema frå familiehistorie og historisk demografi, og i boka oppsummerer forfattarane denne forskinga. Dei økonomiske og demografiske rammene blir behandla, samstundes som ein ser familien frå meir sosiale vinklar, som ein institusjon som tek vare på grunnleggjande kjensler og tilhyrsle. Mellom anna blir dei klassiske mentalitetshistoriske perspektiva på barndom og familie drøfta ut frå norske forhold.
Boka er skriven for studentar i historie, kulturfag og sosiologi, men den er også relevant for pedagogikk, lrarutdanninga og helse- og sosialfag.
Slvi Sogner er professor i historie ved Universitetet i Oslo. Beate Homlong er forlagsredaktør i Samlaget. Hilde Sandvik er førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Oslo. Kari Telste er forskar ved Institutt for kulturstudier ved Universitetet i Oslo, og Hanne Marie Johansen er førsteamanuensis ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking, Universitetet i Berge
1 på lager
Fortsett å handle
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.