Eksotiske Trøndelag
kr 110,00
Engelskmenn,, tyskarar, nederlendarar og franskmenn tok til å reise som turistar i Skandinavia utover på 1800-talet. Fleire av dei skreiv bøker om reisene sine og desse skildringane vart til stor inspirasjon for nye reisande. Trafikken auka på også i vårt eget land, og einskilde våga seg heilt opp til «sivilisasjonens yttergrense» – Trøndelag.
Nokre av dei var på gjennomreise til Nordkapp, andre ville sjå katedralen i Trondheim, og atter andre var interesserte i jakt og fiske. Inntrykka dei fekk, varierer sterkt, men som turistar flest er dei skråsikre og nådelause når dei feller sine dommar.
Kolbein Dahle og Eli Røthe har redigert et skjønsamt utval frå desse bøkene, og biletredaktør Marit Julien har funne fram ei mengd fotografi frå lokale biletsamlingar. Saman med gamle stikk og andre illustrasjonar frå reiseskildringane skaper dette fotomaterialet eit eineståande inntrykk frå det gamle Trøndelag. Ei svunnen tid stig fram i tekst og bilete.
Utsolgt
Fortsett å handle
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.