Velg en side

Kunstnar utanfor sentrum – ni forteljingar

Kunstnar utanfor sentrum – ni forteljingar

kr 399,00

Forfattar Liv Marit Idsø, i samarbeid med fotograf og formgivar Renate Giskås Brønstad, kjem i desse dagar ut med boka Kunstnar utanfor sentrum, på Embla Forlag.

I denne boka finn du presentasjon av, og intervju med, ni kunstnarar som alle bur og arbeider i det nordlige Trøndelag: Elisabeth Balstad, Liv Aursand, Kamme Greiff, Arnold Dahlslett , Grete Hagen, Randi Antonsen, Lise Brissach, Kristin Minsaas Bromstad og Bruce Jon Hamnes.

Nokre av dei 9 i boka har hatt arbeidsplassen sin i Nord-Trøndelag heilt sidan tidleg på 70-talet, mens andre har kome til seinare. Til saman representerer dei ein viktig del av kunsthistoria frå denne landsdelen dei siste 50 åra.

Etableringsfasen for dei første av dei ni fall saman med Kunstnaraksjonen 1974, der kunstnarane sjølve jobba hardt for å skaffa seg betre arbeidsvilkår, og meir medbestemming når det gjaldt bruk og omsetting av kunst. Kunstnaraksjonen hadde hatt tre krav som utgangspunkt:

  1. Auka bruk av kunst
  2. Vederlag for bruk.
  3. Garantert minsteinntekt.

Ein del av enkeltkrava gjekk igjennom. Og optimismen var stigande. Ikkje minst i Namdalen breidde denne optimismen seg. Folk slo seg saman i kunstnarkollektiv. Dei starta kunstgruppe, og dei heldt utstillingar rundt omkring i bygd og by. Kunsten skulle ut til folket. «Namdal kunstgruppe» spelte ei viktig rolle i denne etableringsfasen, og har fått eit eige kapittel i boka. Stein Storsul, som var fylkeskultursjef i Nord-Trøndelag då den første, optimistiske fylkeskulturplanen blei laga, er også med.

Så har åra gått. Korleis har det gått med dei som var unge og optimistiske den gongen? Har dei gitt opp? Kva seier dei om «kunstnarlivet» sitt i dag?

Og så har det kome nye til. Korleis tenkjer dei litt yngre kunstnarane som arbeider i eit distrikt som Nord-Trøndelag? Kva driv dei med? Er det liv laga for kunstnarar utanfor dei største byane i Norge i dag, eller må ein flytta til meir sentrale strok – helst til Oslo – for å bli lagt merke til? Er dei litt yngre like opptatt av fagorganisering og statlige ordningar som «70-talsgenerasjonen» var? Og har arbeidsteknikkane endra seg?

Slike spørsmål er det denne boka tek opp, ved å la ni «kunstnarar utanfor sentrum» koma til orde.

Fortsett å handle
Kategori: Stikkord: ,

Bok informasjon

Ny eller brukt Ny fra Forlaget
ISBN 978-82-8362-015-7
Språk Nynorsk
Antall sider 191
Innbinding Innbundet
Utgitt 2020
Kategori:,

Tilleggsinformasjon

Vekt 961 g

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bare innloggede kunder som har kjøpt dette produktet kan legge igjen en omtale.